Dette er ein invitasjon til deg som går i 5.klasse


Dette er ein invitasjon til deg som går i 5.klasse


 

Dette er ein invitasjon til deg som går i 5.klasse Søndag 1. februar kl 11.00 feirer vi familiegudsteneste i Hyllestad kyrkje Du blir då invitert til å få ein flott teikneseriebibel. I tillegg blir du invitert til å bli minikonfirmant.:

Du som går i 5. klasse blir invitert til å bli Minikonfirmant i Hyllestad 2026 Samlingane er i Kyrkja 3 onsdagar etter skuletid kl 14.40– 16.00 Datoane er 4. febr, 18. mars og 15. april Vi vil ta opp temaene bibel, bøn, dåp og nattverd. Samlingane startar med PIZZA. Vi treng derfor påmelding innan søndag 1. februar til khj@enivest.net eller SMS til 95408048 om du vil vere minikonfirmant. NB! Gje melding om eventuelle allergiar! Dersom nokon ikkje vil ha pizza, kan dei ta med eiga niste. Som ein del av minikonfirmantopplegget har vi, 24.-26. april ei helg på Alværa kyrkje– og misjonssenter saman med minikonfirmantar frå Balestrand og Høyanger. Det blir kjekt! Og så avsluttar vi opplegget med utdeling av diplom i Hyllestad kyrkje 3. mai kl 18.00

Tilbake